Årsmøtereferat 2016

Fana Historielag hadde årsmøte i Kulturhuset på Nesttun 18. februar 2016. Det var 19 frammøtte, og leiar Gunhild Nysæther ønskte velkomen og leia møtet. Deretter las ho opp årsmeldinga for 2015, som blei samrøystes godkjent. Kassseraren Bjørn Aas la fram rekneskapen, som er gjort opp med eit overskot på kr 11 000 og ein eigenkapital på nærare kr 90 000. Det har vore eit framgangsrikt år for Fana Historielag med jubileumsutstilling på Lagunen og markering av krigsjubileet med kulturvandring på Hop og Saborg-møte på Kulturhuset i kulturdagane, begge med stor oppslutning. Og medlemstalet har auka frå 59 til 91 medlemer.

Neste år har laget planar om møte og utstilling om Nesttun, besøk til Laksevåg Kulturhistoriske Forening og stor utstilling på Kulturhuset om dagleglivet under krigen.

Ruth Irgens
Ruth Irgens fekk blomster og varme ord som takk for lang og tru teneste i Fana Historielag.

Elles tok alle i styret attval, slik at det nye styret no ser ut slik:

  • Leiar: Gunhild Nysæther (attval 1 år)
  • Nestleiar: John Henningsen (ikkje på val)
  • Styremedlemer: Oddvar Skre (attval 2 år)
  • Linbjørg Sæterdal (attval 2 år)
  • Varamedlemer: Tore Joten (attval 1 år)
  • Harald Stein (ny 1 år)
  • Revisorar: Bjarne Sætrevik og Astrid Skavhellen (1 år)
  • Valnemnd: Ruth Irgens og Reidar Storaas (1 år)

Skriftstyre (1 år): Oddvar Skre (red.), Linda M. Moen, Martin A.E. Andersen, Reidar Storaas, Bjørn Aas

Oddvar Skre (ref.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *