Fana på 1700-talet

Etter årsmøtet i Fana Historielag 18. februar 2016 heldt statsarkivar Yngve Nedrebø eit interessant og engasjerande foredrag om Fana på 1700-talet. Han måtte ta foredraget på strak arm, utan hjelp av sviktande data-teknikk, men greidde det på ein framifrå måte på grunn av sin inngåande kjennskap til temaet.

Yngve Nedrebø
Yngve Nedrebø

Han innleia med å seia at etter den nordiske krigen 1700-1720, som enda med Karl XII sitt fall ved Fredriksten festning, var landet utarma, og 40% av dei 10 000 soldatane som reiste ut i krigen, kom ikkje tilbake. Det var dermed eit stort kvinneoverskot, som søkte til byane, og førte til sosial uro og fattigdom, og i åra som følgde, var det fleire sjukdomsepidemiar som førte til at folketalet heldt seg nede på eit lågmål. Klimaet var vått og kaldt, og tida kring 1700 blir då og kalla «den lille istid». Mange stader blei ikkje kornet modent, og folket måtte ty til barkebrød. Ut gjennom 1700-talet blei fleire og fleire bønder sjølveigande, men for kvinnene var det ingen fordel.

Gardane i Fana var verd 10-30 gonger meir enn elles på Vestlandet, fordi dei låg så nær Bergen og kunne levera søtmjølk som dei fekk tre gonger så høg pris for som surmjølk. Vanlegvis var det eldste son på garden som overtok som eigar når faren døydde, men så lenge dei fleste gardane i Fana var leiglendingsbruk, gjaldt ikkje odelsretten, og berre 26% av dei nye eigarane var søner, mens 30% av dei som overtok garden, var enker etter den førre eigaren. Desse enkene var då svært attraktive, og gifta seg opp att med mykje yngre menn. Dette endra seg ved overgang til sjølveigarar utover i 1800-talet, for då var det odelsretten som bestemte kven som skulle overta garden.

I slutten av 1700-talet var det ein liten invasjon av sunnfjordingar til Bergen, særleg frå fjellbygda Jølster, slik at dei til slutt kom til å utgjera 25% av folketalet. Dei heldt saman og gifta seg innbyrdes, om lag som dagens innvandrarar, og det tok som regel tre generasjonar for dei å blanda seg med Fanafolk. Nedrebø, som sjølv har slekta si frå Sunnfjord, nemnte Fyllingsdalen som ein del av Fana som var dominert av sunnfjordingar. Dei var dyktige og sette i gang med grønsakdyrking som gav gode inntekter i tillegg til mjølkeproduksjon.

I åra 1770-90 var det ein høgkonjunktur på grunn av auka behov for skipstømmer til sjøfarten over Atlanteren til dei krigførande partane i den amerikanske frigjeringskrigen. Dette gjekk hardt ut over skogen. Men det kom ein reaksjon etter 1800, med krig mot Sverige, engelsk blokade, uår og hungersnød slik Ibsen skriv om i diktet om «Terje Viken» der det heiter: «Den fattige sultet, den rike led savn, to kraftige armer var ingen til gavn, for døren stod sott og død». Men dette var også bakgrunnen for 1814 og det gryande norske sjølvstyret.

Fremmøte
Nesten 60 møtte fram for å høyra foredraget til Nedrebø

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *