OLE BULL OG FOLKEMUSIKKEN

Ein kulturkollisjon for 150 år sidan.

Attfortalt av Olga Breivik etter bonde Fredrik Hamre (1888-1978) som hadde den etter far sin, bonde Henrik Hamre (1853-1920).

Det var ein laurdagskveld på haustparten at nokre ungdomar var samla i tunet på Sandven for å dansa. Far til Fredrik, Henrik, spela fele til dansen. Han kunne då vera i 14 årsalderen, og det må ha vore kring 1867.

Ferdslevegen gjekk på den tida rett gjennom tunet, og då det leid på, kom det kjøyrande ein hesteskyss med 3 mann oppi. Dei høyrdest ut til å vera i godlag, og ein av mennene ba skysskaren om å stansa, så dei kunne få sjå og høyre på ungdomane.

Etter ei lita stund ba den same mannen om å få sjå instrumentet til den lille spillemannen . Henrik gjekk burt til vogna og vart beden om å stiga oppi.

Mannen, som seinare synte seg å vera den verdskjende fiolinisten Ole Bornemann Bull, fekk fela i handa, og han gav seg til å stemme og klunke på henne. So strauk han opp slåtten som i dag har namnet ”Rot’nheims Knut” og spela den so godt at ungdomane som lydde på ikkje kunne stå i ro, men tok til å dansa. Då braut Ole Bull tvert av og baud kjøyrekaren å fara vidare.

Ein av dei andre karane i vogna var forfattaren og folkehøgskulemannen Kristofer Janson. Han røyste seg i vogna og sa dette til ungdomane:” I stakkels bondebørn, I vet ikke hva I har gjort. Denne mannen I har lyttet til har stått på verdens største metropoler (konsertpodier) og lagt publikum for sine føtter, og så kan ikke I stå stille og lytte til mesteren!”

Den tredje karen i vogna var ingen ringare enn Wollert Konow d.y. frå garden Stend i Fana. Henrik skulle koma i teneste hjå han nokre år seinare.

På jonsokaften gjekk Henrik til Konow og spurde om ”orlov” dvs. få lov til å gå før arbeidstida var slutt for dagen. Dei heime venta at han skulle spela til dansen om kvelden. Konow såg nøye på guten, så spurde han:” Er du den lille spillemannen som fikk vise fiolinen sin til Ole Bull?” Jau, Henrik måtte seie at so var det. Konow rista tenksamt på hovudet og sa det var leit at dei hadde misforstått den store mesteren og øydelagt humøret hans. Dei var den gongen på veg til Formann på Lyseklostergodset for å ”spise dyr”, dvs. hjortakjøt, og helgen var tydelegvis ikkje heilt vellukka på grunn av Bull sitt dårlege humør.

Henrik frykta at han kom ikkje tidleg heim den denne kvelden. So sa han:” Det var ikkje berre me som ikkje skjøna oss på meisteren, men han skjøna heller ikkje oss. Me tykte spelet hans var so godt at med laut dansa. Det er vondt å stå i ro når me høyrer godt spel”.

Då såg Konow enno meir tenksam ut. So kom det raskt: ” Se til å komme dig av sted gutt,lat ikke dem der hjemme vente på dig i aften”!

Fra Årsskriftet 1997

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *