BYMANN OG STRIL I FANA

Frå mjølkebønder til matpakkekjørarar

Fana er næraste naboen til Bergen i sør, og samspelet mellom by og land har alltid hatt mykje å seia for folket her. Alt i mellomalderen finn me stadfesting på dette. Kyrkja og dei store klostra i Bergen åtte det meste av jordegodset i Fana. Ved reformasjonen gjekk dette over til kongen. Og etter kvart til rike bergens-kjøpmenn. Berre få bønder hadde råd til å kjøpa jorda dei sat på, heilt fram til 1700-talet. Først etter 1800 betra dette seg noko. I Fana var det særleg mange av dei såkalla avlsgardane (lystgardar), fordi bygda låg så nær byen.

Utnytting av skogen

Også på andre måtar merkast naboskapet med byen. Såleis leverte bøndene i Fana mykje trekol til lensherren på Bergenhus på 1500-talet, tilsaman 870 tønner pr. år i 1566-67, tilsvarande 115 famner ved. Kolbrenninga var truleg ledd i ein politikk for å rydja lauvskog i heimemarka for å skaffa beite og sleppa å senda kyrne på langstølane på Gulfjellet. Samstundes tente dei litt pengar på kolleveringa. Etter Svartedauen vaks det opp mykje lauvskog på grunn av all jorda som blei liggjande brakk, og den kunne nyttast til trekol. Fleire stadnamn stadfester denne aktiviteten (Kolabotn, Milebakkane m.m.)

Det var stort behov for furuskog til skipstømmer og husbygging, og store mengder tømmer blei eksportert til England og Nederland. Bybrannar, som den i London i 1666 og i Bergen i 1702, var sterkt medverkande til avskoginga langs kysten. I matrikkel-teljingane frå denne tida heiter det som regel ”brendefang” eller ”ringe brendefang”, altså var det berre så vidt gardane greidde å halda seg sjøl med brensel. Dette førte mange stader til at ein gjekk over til torvfyring , for eksempel på Flesland, der det var store torvmyrer. Det første sagbruket i Fana kom på garden Sælen i 1750 åra. Fyllingsdalen var den delen av bygda der det var mest skog, og dei heldt seg sjøl med hustømmer. Også Bønes og gardane som høyrde til Lysekloster-godset hadde bra med skog. Etter kvart tok furuskogen seg opp att, og i 1779 tyder dei skriftlege rapportane på at tilstanden var blitt mykje betre. I 1795 blei derfor restriksjonane oppheva, og bygdesagene fekk då eit mellombels oppsving.

Auka mjølkeproduksjon og nydyrking

Utover på 1770-talet blei sambandet med Bergen gradvis betre, og vegnettet blei bygd ut. Frå 1770-åra blei bøndene pålagt å gjera pliktarbeid på vedlikehald av postvegane. Gjennom Fana hadde me to postvegar, som begge gjekk over Birkelundsbakken og Sandalen til Midtun. Der delte dei seg. ”Den Stavangerske Postvei” gjekk over Ulsmåg, Birkelandsbotn og vidare langs den noverande Osvegen. ”Den Christianiske Postvei” gjekk over Helldalen, Grimen og Bratland til Hauge i Arna og vidare til Voss over Bolstad.

Samstundes auka folketalet i Bergen sterkt. Frå slutten av 1600-åra til først på 1800-talet gjekk det opp frå 10 000 til 30 000. Samstundes ser det ut til at mjølkeforbruket pr. innbyggar auka, frå 30 til 100 liter i året. Dette hang kanskje saman med overgangen frå sur til søt mjølk. Søtmjølka var mykje betre betalt enn surmjølka. På 1830-talet var prisen 3-4 skilling pr. kanne for sur mjølk og 6-7 skilling for søt mjølk. Dette tilsvarar 80 og 120 spd. pr. år for ein middels stor fanagard. Resultatet var at mjølkeleveransane til Bergen blei nær seksdobla, frå 250 000 til 1.5 millioner liter i same tidsrom, og at to tredjedeler av mjølka gjekk til sal mot 1/7 før. Dette førte til auka nydyrking og beiting og meir satsing på jordbruk i det heile. Eit eksempel, frå fanapresten Brandal i 1779, viser at verdien av den årlige mjølkeomsetnaden i Fana truleg svarte til verdien av 400 kyr, dvs. femtedelen av den samla buskapen av mjølkekyr i Fana på 1700-talet. Husdyrgjødsla, som før blei brukt på åkrane, blei no spreidd utover bøen for å auka grasproduksjonen, og åkrane blei brukt til potetdyrking i staden for kornproduksjon.

Samstundes tok sauehaldet seg kraftig opp, særleg i Ytrebygda, på grunn av auka etter-spørsel etter sauekjøt i Bergen. Sauene var i stor grad utegangarsmale og kunne gå ute om vinteren. Dei konkurrerte dermed ikkje med kyrne om vinterforet. Sauene blei sendt på sommarbeite på Gulfjellet, medan kyrne gjekk i heimemarka. Den skogen som låg nærast innmarka, ble hoggen for å auka dyrkingsarealet, og beitetrykket auka sterkt i enkelte område. Ser vi på bilete frå tida like etter 1900, er det påfallande kor snautt og nakent det ser ut mange stader. Særleg hardt ser det ut til å ha gått ut over høgdedraget mellom Kalandsvatnet og Rådalen, der mange gardar grensa opp mot einannan, og i Ytrebygda og ”fjellgardane” på Totland og Bontveit.

Også i bruksstorleiken ser me påverknaden frå byen. Fordi bygda låg så nær byen, var det lettare å finna alternativ sysselsetting utanom jordbruket enn i resten av fylket, og dette resulterte i at det ikkje skjedde så stor oppdeling av bruk i Fana som ellers. Den gjennomsnittlege bruksstorleiken i Fana var ca. 35 mål mot ca. 20 mål i heile Hordaland. Tal på sysselsette i jordbruket kulminerte i 1900. Medan 80% av fanabuane var bønder i 1865, var det tilsvarande talet 30 % i 1920. Utover på 1800-talet blei det fleire og fleire byfolk som tok til å dyrka opp jord i Fana. Den største jorddyrkaren var likevel Fredrik Thomassen Raa (1830-1902), som i 1833 kjøpte gard på Nordås og dyrka opp 100 mål der. Seinare selte han garden og kjøpte seg ein ny eigedom på Rå, der han dyrka opp 200 mål til. Også sonen Thomas Raa dyrka opp mykje. På grunn av at bruka var så pass store, var det mogeleg å effektivisera jordbruket meir i Fana enn ellers i Hordaland. Ein annan faktor som verka i same retning, var bruken av gjødsel for å auka produksjonen. På 1880- og 90-talet tok dei til med å frakta bymøk, på lekterar eller med Osbanen, utover i Fana. Seinare kom så kunstgjødsla i bruk. Stend jordbruksskule kom til å få mykje å seia for denne utviklinga, ved å prøva ut nye og meir moderne bruksmåtar og husdyrrasar. På same tid tok fanabøndene til med å planta skog, og både Fana og Midtun Skoglag blei skipa i 1899. På den måten kom det gradvis ny skog opp på dei nedbeita og uthogde områda. Alt i alt ser me at Fana heile tida har drege fordel av nærleiken til byen ved at inntektene frå jordbruket har vore større og gjort det mogeleg å effektivisera.

Industri og handverk

Utover på 1800-talet kom det og fleire industribedrifter i Fana. Nokre av dei blei flytt hit for å unngå dei strenge laugsordningane i byen. Kring desse verksemdene (Hop, Flesland, Nesttun, Fana) vaks det fram eit miljø som ofte sto i skarp motsetning til ”Bonde-Fana”. Sysselsettinga i industrien nådde ein topp under høgkonjunkturen i 1910-15. Til desse industristadene flytta det folk frå heile Vestlandet, men mest frå Nord- og Midthordland. ”Arbeidar-Fana” var ei samansett gruppe både yrkes-og aldersmessig. Utanom dei ”ekte” fabrikkarbeidarane der gjennomsnittsalderen låg på 30-50 år, var det ei stor gruppe relativt unge (20-30 år) tenarar og noko eldre arbeidarar og sjølvstendige næringsdrivande i småindustri og handverk, for eksempel i industribedriftene inst i Fanafjorden.
Ser me nøyare på dei ulike sosiale lag i bygda kring 1920, krystalliserer det seg ut tre hovud-grupper. Det gamle ”Bonde-Fana” utgjer ca. 25 % og ”Arbeidar-Fana” 40 %. Endelig har me ei gruppe med utflytta bergensarar med arbeidet sitt i byen, denne utgjorde 25% i 1920. Dette var ei raskt veksande gruppe i førstninga av hundreåret, av ulike grunnar, der dei viktigaste var:

  1. bygginga av Vossebanen i 1883 og Osbanen i 1894.
  2. det raskt veksande vegnettet i Fana og den aukande bruken av buss og bil.
  3. lågare skatteprosent i Fana enn i Bergen.

Depresjon og mjølkekrig

Fanabøndene dreiv som nemnt eit svært effektivt jordbruk, med vekt på mjølkeproduksjon. Gjennomsnittleg årsproduksjon var over 2000 liter pr. ku, dvs. 8-10 mill. liter i alt. Forbruket av kraftfor var fire gonger så stort som i Voss på andreplass. Utover i 20-åra sette depresjonen inn, og lågare forbruk førte til overproduksjon av mjølk. Det kapitalintensive fanajordbruket var særleg utsett for konjunktursvingingar, dette førte til at gjelda i jordbruket i 1932 var høgre i Fana enn nokon annan stad i fylket. I 1931 blei Vestlandske Mjølkesentral (forløparen for Bergens-meieriet) oppretta, for at styresmaktane skulle få kontroll med mjølkeprisane. Det blei innført ei avgift på konsummjølk som skulle gå til produksjon av ost og smør, ei såkalla utjamningsavgift på 2 øre pr. liter. Fanabøndene nekta og betala denne avgifta og organiserte seg i ”De frie melkeprodusenters Forening”. Resultatet var ei rekkje tvangsauksjoner og samanstøytar mellom demonstrerande bønder og styresmaktene, representert ved politi og lensmann, som toppa seg med ”Slaget på Fanavoll” den 9.mai 1935, der 600 bygdefolk var møtt fram for å demonstrera mot ein tvangsauksjon.

Alt i alt kan ein seia at depresjonen i 30-åra kom til å gå særleg hardt ut over bøndene i Fana. Talet på kyr minka med 70 % i perioden 1939 – 69, frå 4962 til 1518. Også talet på sauer og hestar minka sterkt, medan grisehaldet tok seg noko opp. Andelen av bønder minka endå meir, frå 28% i 1920 til 14 % i 1946 og var i 1970 nede i 2 %, noko som delvis også hang saman med høgkonjunkturen på 50- og 60-talet og auka sysselsetting i andre næringer. Ein stadig større del av dei sysselsette i Fana kom til å ha arbeidet sitt i Bergen sentrum, men etter 1980 har Fana fått mange nye arbeidsplassar i industri og tenesteytande næringer, etter som bedrifter har flytt ut av sentrum, slik at pendlinga er blitt noko mindre.

Kulturelle og sosiale endringar

Framveksten av ”Villa-Fana” og ”Arbeidar-Fana” på kostnad av ”Bonde-Fana” har naturleg nok også ført til sosiale og kulturelle endringer. Dette kjem særleg til uttrykk når me ser på kommunestyret si haldning til alkoholpolitikk, men særleg i statistikken over elevar med bokmål og nynorsk i folkeskulen, der nynorskandelen minka frå 30 % til under 10 % i perioden 1950-1970. Det same ser ein i den distriktsvise fordeling av ja- og nei-stemmer ved EF-avstemninga i 1972, med over 70% ja-stemmer på Hop og 35% i Helldal krins. Dei såkalla motkulturane har vore i jamn tilbakegang sidan 1950, medan by- og massekulturen har fått stadig sterkare overtak. Frå å vera ein jordbrukskommune og hovudleverandør av mjølk til Bergen, har Fana blitt ein bydel av pendlarar og ”matpakke-kjørarar”, der ein stadig mindre del av dei som bur her, kjenner seg som fanabuar. Dette siste har ikkje endra seg nemnande etter 1970, sjøl om Fana har fått mange nye arbeidsplassar på Sandsli og Kokstad. Me som prøver å ta vare på bygda sin historie og tradisjonar for å overlevera det til etterslekta, har difor ei stor oppgåve framfor oss.

Oddvar Skre
Frå Årsskriftet 1998/1999

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *