Hauglandsvatnet i Fana er om lag ei halv mil langt. Ved øvre enden ligg garden Haugland, og lenger oppe finn ein dei andre gardane i Hauglandsdalen. For desse gardane var Hauglandsvatnet ein viktig ferdsleveg. Gardane høyrde til Lyseklostergodset.
I 1650 var Haugland delt i to bruk. På den eine halvparten budde Rasmus Rasmusson med søstera Marta. Kor mange som elles høyrde til huslyden, veit vi ikkje.
Rasmus hadde ein dreng, den 18 år gamle Anders Andersson. Far hans hadde vore bygselmann på garden før Rasmus kom dit.
Fisket i Hauglandsvatnet hadde mykje å seia for Rasmus, og han hadde trong for ei not. Han hadde difor hyrt ei jente ute frå øyane i Sotra skipreide. Ho heitte Synneva Andersdotter. Noko nærare om kor ho var frå og kor gamal ho var, er ikkje kjent. Ho var lenge på Haugland og batt not. I månadskiftet juli – august 1652 var ho ferdig med arbeidet, og måndag 2. august skulle ho reisa heim att.
Søndagen fekk Anders henne med seg inn i løa, og der valdtok han henne. Ho nemde ikkje noko om dette til dei andre på garden då ho tok avskil med dei måndags morgon. Nede ved vatnet gjekk Anders og slo. Ho bad han ro henne ned vatnet. Anders var ikkje uvillig til det, men først måtte ho gå opp i tunet og spørja husbonden om Anders kunne få lov til å ta turen. Men Rasmus meinte dei fekk venta med skyssen til kvelden. Synneva gjekk då ut, og ingen såg meir til henne. Dei rekna med at ho hadde teke bylten sin og gitt seg avstad etter reitlevegen utetter dalen.
Så gjekk livet på Haugland som før – ei stund.
14 dagar seinare, fredag 13. august, var Marta Rasmusdotter nede ved vatnet eit ærend. Der såg ho noko som låg og flaut i vatnet. Det var Synneva. Marta sprang heim og fortalde Rasmus kva ho hadde funne, og Synneva vart teken på land. Dei såg straks at dette ikkje var ein naturleg død. Rasmus sende bod til lensmannen i Vassherad, Magne Larsson på Kaland. Han varsla straks futen på Lysekloster, Paul Lett, om kvad ein hadde funne på Haugland.
Det var no for langt lide på dagen til at ein fekk gjort noko med saka, men dagen etter sende futen seks mann til Haugland for å halda liksyn. Dei fann då eit knivstikk like under venstre brystet på Synneva. Kniven hadde gått inn i hjarta hennar. Det var dødsårsaka. Liksynsmennene skar ut det stykket av serken hennar der kniven hadde gått inn. Så vart liket ført til Fana for å bli gravlagt på kyrkjegarden.
Same dagen kalla futen inn alle på Haugland til å møta til forhøyr på Lysekloster neste dag. Men ingen av dei frammøtte visste noko å fortelja om kva som hadde hendt med Synneva. Futen bad då om å få sjå knivane til mennene. Då var det merke etter blod på kniven til Anders. Liksynsmennene la fram det stykket dei hadde skore or serken til Synneva, og kniven høvde heilt i holet i tøystykket.