Kategoriarkiv: Artikkel

Ei kriminalsak frå 1652

 

Hauglandsvatnet i Fana er om lag ei halv mil langt. Ved øvre enden ligg garden Haugland, og lenger oppe finn ein dei andre gardane i Hauglandsdalen. For desse gardane var Hauglandsvatnet ein viktig ferdsleveg. Gardane høyrde til Lyseklostergodset.

I 1650 var Haugland delt i to bruk. På den eine halvparten budde Rasmus Rasmusson med søstera Marta. Kor mange som elles høyrde til huslyden, veit vi ikkje.

Rasmus hadde ein dreng, den 18 år gamle Anders Andersson. Far hans hadde vore bygselmann på garden før Rasmus kom dit.

Fisket i Hauglandsvatnet hadde mykje å seia for Rasmus, og han hadde trong for ei not. Han hadde difor hyrt ei jente ute frå øyane i Sotra skipreide. Ho heitte Synneva Andersdotter. Noko nærare om kor ho var frå og kor gamal ho var, er ikkje kjent. Ho var lenge på Haugland og batt not. I månadskiftet juli – august 1652 var ho ferdig med arbeidet, og måndag 2. august skulle ho reisa heim att.

Søndagen fekk Anders henne med seg inn i løa, og der valdtok han henne. Ho nemde ikkje noko om dette til dei andre på garden då ho tok avskil med dei måndags morgon. Nede ved vatnet gjekk Anders og slo. Ho bad han ro henne ned vatnet. Anders var ikkje uvillig til det, men først måtte ho gå opp i tunet og spørja husbonden om Anders kunne få lov til å ta turen. Men Rasmus meinte dei fekk venta med skyssen til kvelden. Synneva gjekk då ut, og ingen såg meir til henne. Dei rekna med at ho hadde teke bylten sin og gitt seg avstad etter reitlevegen utetter dalen.

Så gjekk livet på Haugland som før – ei stund.

14 dagar seinare, fredag 13. august, var Marta Rasmusdotter nede ved vatnet eit ærend. Der såg ho noko som låg og flaut i vatnet. Det var Synneva. Marta sprang heim og fortalde Rasmus kva ho hadde funne, og Synneva vart teken på land. Dei såg straks at dette ikkje var ein naturleg død. Rasmus sende bod til lensmannen i Vassherad, Magne Larsson på Kaland. Han varsla straks futen på Lysekloster, Paul Lett, om kvad ein hadde funne på Haugland.

Det var no for langt lide på dagen til at ein fekk gjort noko med saka, men dagen etter sende futen seks mann til Haugland for å halda liksyn. Dei fanneit knivstikk like under venstre brystet på Synneva. Kniven hadde gått inn i hjarta hennar. Det var dødsårsaka. Liksynsmennene skar ut det stykket av serken hennar der kniven hadde gått inn. Så vart liket ført til Fana for å bli gravlagt på kyrkjegarden.

Same dagen kalla futen inn alle på Haugland til å møta til forhøyr på Lysekloster neste dag. Men ingen av dei frammøtte visste noko å fortelja om kva som hadde hendt med Synneva. Futen bad då om å få sjå knivane til mennene. Då var det merke etter blod på kniven til Anders. Liksynsmennene la fram det stykket dei hadde skore or serken til Synneva, og kniven høvde heilt i holet i tøystykket.

Då tilsto Anders at det var han som hadde drepe henne.

4. september 1652 vart det sett sakting på Kaland. Her møtte futen Paul Lett, sorenskrivaren i Sunnhordland Carsten Djurhuus og sorenskrivar Hans Clausen i Nordhordland. Lagrettemennene var:

  • Magne Larsson Kaland, lensmann i Vassherad
  • Ola Rasmusson Dyngeland, lensmann i Skjold skipreide
  • Ola Larsson Nedre Dyngeland
  • Matias Andersson Øvre Sandven
  • Kristoffer Andersson Ytre Hamre
  • Ola Jonsson Indre Hamre
  • Mons Håkonsson Hatlestad
  • Fredrik Hansson Stend
  • Salomon Hallvardsson Øvre Titlestad
  • Vincents Håkonsson Nøttveit
  • Nils Steffensson Nedre Birkeland
  • Elling Øvre Birkeland
  • Ole Olsson Hop

Futen, Paul Lett, førde fram fangen, Anders Andersson, fødd på Haugland i Fana sokn, 18 år gamal. Han hadde myrda ei kvinne, Synneva Andersdotter, fødd i Sotra skipreide. Dette mordet skulle han no lida dom for. Anders forklarte seg slik for retten:

Den måndagen då Synneva Andersdotter ville reisa, hadde han ikkje sett meir til henne etter at ho gjekk opp til garden for å spørja Rasmus om Anders kunne ro henne ut vatnet. Men seint på kvelden , etter at folk hadde lagt seg, hadde Synneva kome inn på loftsvala der Anders låg og ville ha han til å ro. Det hadde han lite lyst til no nattetider. Han spurde kvar ho hadde vore heile dagen. Ho fortalde då at ho hadde vore nede ved vatnet, i buskane der.

Det vart til det at Anders vart med henne ned til vatnet. Dei sette ut båten. Ho sette seg i bakskuten, Anders sette seg med årane. Dei kom ikkje så langt, for båten lak svært. Dei hadde gløymt å setja i nygla. Anders bad henne ausa, men det ville ho ikkje. Ikkje ville ho ro heller, slik at han kunne ausa. Synneva var sint og banna og bar seg på han. Ho ville at han skulle gifta seg med henne sidan han hadde lege med henne, men det ville ikkje Anders. Han meinte ho ville narra han, slik som ho skulle ha gjort med Kristoffer i Samdal.

Då vart Synneva endå sintare og minte Anders på at han hadde sete i Rådstovearresten i Bergen i sommer for tjuveri. Då vart Anders også sinna. Han fylla lua si med vatn og slo til henne i andletet. Synneva reiste seg og gjekk fram mot han til midtofta. Anders reiste seg også. Han hadde kniven i handa og stakk henne under venstre brystet og skuva henne utfor borde. Deretter såg han ikkje meir til henne. Han rodde heim til Haugland og la seg til å sova. Ingen andre visste nokon ting om Synneva før Marte Rasmusdotter fann henne i vatnet fjorten dagar seinare.

Aktor i saka, Paul Lett, la ned påstand om dødsstraff på stegle og hjul, og Anders vart dømd til døden.

Fra Årsskriftet 2002/2003   v/ Dag Bakka

OLE BULL OG FOLKEMUSIKKEN

Ein kulturkollisjon for 150 år sidan.

Attfortalt av Olga Breivik etter bonde Fredrik Hamre (1888-1978) som hadde den etter far sin, bonde Henrik Hamre (1853-1920).

Det var ein laurdagskveld på haustparten at nokre ungdomar var samla i tunet på Sandven for å dansa. Far til Fredrik, Henrik, spela fele til dansen. Han kunne då vera i 14 årsalderen, og det må ha vore kring 1867. Fortsett å lese OLE BULL OG FOLKEMUSIKKEN

BYMANN OG STRIL I FANA

Frå mjølkebønder til matpakkekjørarar

Fana er næraste naboen til Bergen i sør, og samspelet mellom by og land har alltid hatt mykje å seia for folket her. Alt i mellomalderen finn me stadfesting på dette. Kyrkja og dei store klostra i Bergen åtte det meste av jordegodset i Fana. Ved reformasjonen gjekk dette over til kongen. Og etter kvart til rike bergens-kjøpmenn. Berre få bønder hadde råd til å kjøpa jorda dei sat på, heilt fram til 1700-talet. Først etter 1800 betra dette seg noko. I Fana var det særleg mange av dei såkalla avlsgardane (lystgardar), fordi bygda låg så nær byen. Fortsett å lese BYMANN OG STRIL I FANA