{"id":453,"date":"2017-02-20T19:34:44","date_gmt":"2017-02-20T18:34:44","guid":{"rendered":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/?p=453"},"modified":"2017-04-23T17:09:22","modified_gmt":"2017-04-23T15:09:22","slug":"bymann-og-stril-i-fana","status":"publish","type":"post","link":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/?p=453","title":{"rendered":"BYMANN OG STRIL I FANA"},"content":{"rendered":"<p><strong>Fr\u00e5 mj\u00f8lkeb\u00f8nder til matpakkekj\u00f8rarar<\/strong><\/p>\n<p>Fana er n\u00e6raste naboen til Bergen i s\u00f8r, og samspelet mellom by og land har alltid hatt mykje \u00e5 seia for folket her. Alt i mellomalderen finn me stadfesting p\u00e5 dette. Kyrkja og dei store klostra i Bergen \u00e5tte det meste av jordegodset i Fana. Ved reformasjonen gjekk dette over til kongen. Og etter kvart til rike bergens-kj\u00f8pmenn. Berre f\u00e5 b\u00f8nder hadde r\u00e5d til \u00e5 kj\u00f8pa jorda dei sat p\u00e5, heilt fram til 1700-talet. F\u00f8rst etter 1800 betra dette seg noko. I Fana var det s\u00e6rleg mange av dei s\u00e5kalla avlsgardane (lystgardar), fordi bygda l\u00e5g s\u00e5 n\u00e6r byen.<!--more--><\/p>\n<p><strong>Utnytting av skogen<\/strong><\/p>\n<p>Ogs\u00e5 p\u00e5 andre m\u00e5tar merkast naboskapet med byen. S\u00e5leis leverte b\u00f8ndene i Fana mykje trekol til lensherren p\u00e5 Bergenhus p\u00e5 1500-talet, tilsaman 870 t\u00f8nner pr. \u00e5r i 1566-67, tilsvarande 115 famner ved. Kolbrenninga var truleg ledd i ein politikk for \u00e5 rydja lauvskog i heimemarka for \u00e5 skaffa beite og sleppa \u00e5 senda kyrne p\u00e5 langst\u00f8lane p\u00e5 Gulfjellet. Samstundes tente dei litt pengar p\u00e5 kolleveringa. Etter Svartedauen vaks det opp mykje lauvskog p\u00e5 grunn av all jorda som blei liggjande brakk, og den kunne nyttast til trekol. Fleire stadnamn stadfester denne aktiviteten (Kolabotn, Milebakkane m.m.)<\/p>\n<p>Det var stort behov for furuskog til skipst\u00f8mmer og husbygging, og store mengder t\u00f8mmer blei eksportert til England og Nederland. Bybrannar, som den i London i 1666 og i Bergen i 1702, var sterkt medverkande til avskoginga langs kysten. I matrikkel-teljingane fr\u00e5 denne tida heiter det som regel \u201dbrendefang\u201d eller \u201dringe brendefang\u201d, alts\u00e5 var det berre s\u00e5 vidt gardane greidde \u00e5 halda seg sj\u00f8l med brensel. Dette f\u00f8rte mange stader til at ein gjekk over til torvfyring , for eksempel p\u00e5 Flesland, der det var store torvmyrer. Det f\u00f8rste sagbruket i Fana kom p\u00e5 garden S\u00e6len i 1750 \u00e5ra. Fyllingsdalen var den delen av bygda der det var mest skog, og dei heldt seg sj\u00f8l med hust\u00f8mmer. Ogs\u00e5 B\u00f8nes og gardane som h\u00f8yrde til Lysekloster-godset hadde bra med skog. Etter kvart tok furuskogen seg opp att, og i 1779 tyder dei skriftlege rapportane p\u00e5 at tilstanden var blitt mykje betre. I 1795 blei derfor restriksjonane oppheva, og bygdesagene fekk d\u00e5 eit mellombels oppsving.<\/p>\n<p><strong>Auka mj\u00f8lkeproduksjon og nydyrking<\/strong><\/p>\n<p>Utover p\u00e5 1770-talet blei sambandet med Bergen gradvis betre, og vegnettet blei bygd ut. Fr\u00e5 1770-\u00e5ra blei b\u00f8ndene p\u00e5lagt \u00e5 gjera pliktarbeid p\u00e5 vedlikehald av postvegane. Gjennom Fana hadde me to postvegar, som begge gjekk over Birkelundsbakken og Sandalen til Midtun. Der delte dei seg. \u201dDen Stavangerske Postvei\u201d gjekk over Ulsm\u00e5g, Birkelandsbotn og vidare langs den noverande Osvegen. \u201dDen Christianiske Postvei\u201d gjekk over Helldalen, Grimen og Bratland til Hauge i Arna og vidare til Voss over Bolstad.<\/p>\n<p>Samstundes auka folketalet i Bergen sterkt. Fr\u00e5 slutten av 1600-\u00e5ra til f\u00f8rst p\u00e5 1800-talet gjekk det opp fr\u00e5 10 000 til 30 000. Samstundes ser det ut til at mj\u00f8lkeforbruket pr. innbyggar auka, fr\u00e5 30 til 100 liter i \u00e5ret. Dette hang kanskje saman med overgangen fr\u00e5 sur til s\u00f8t mj\u00f8lk. S\u00f8tmj\u00f8lka var mykje betre betalt enn surmj\u00f8lka. P\u00e5 1830-talet var prisen 3-4 skilling pr. kanne for sur mj\u00f8lk og 6-7 skilling for s\u00f8t mj\u00f8lk. Dette tilsvarar 80 og 120 spd. pr. \u00e5r for ein middels stor fanagard. Resultatet var at mj\u00f8lkeleveransane til Bergen blei n\u00e6r seksdobla, fr\u00e5 250 000 til 1.5 millioner liter i same tidsrom, og at to tredjedeler av mj\u00f8lka gjekk til sal mot 1\/7 f\u00f8r. Dette f\u00f8rte til auka nydyrking og beiting og meir satsing p\u00e5 jordbruk i det heile. Eit eksempel, fr\u00e5 fanapresten Brandal i 1779, viser at verdien av den \u00e5rlige mj\u00f8lkeomsetnaden i Fana truleg svarte til verdien av 400 kyr, dvs. femtedelen av den samla buskapen av mj\u00f8lkekyr i Fana p\u00e5 1700-talet. Husdyrgj\u00f8dsla, som f\u00f8r blei brukt p\u00e5 \u00e5krane, blei no spreidd utover b\u00f8en for \u00e5 auka grasproduksjonen, og \u00e5krane blei brukt til potetdyrking i staden for kornproduksjon.<\/p>\n<p>Samstundes tok sauehaldet seg kraftig opp, s\u00e6rleg i Ytrebygda, p\u00e5 grunn av auka etter-sp\u00f8rsel etter sauekj\u00f8t i Bergen. Sauene var i stor grad utegangarsmale og kunne g\u00e5 ute om vinteren. Dei konkurrerte dermed ikkje med kyrne om vinterforet. Sauene blei sendt p\u00e5 sommarbeite p\u00e5 Gulfjellet, medan kyrne gjekk i heimemarka. Den skogen som l\u00e5g n\u00e6rast innmarka, ble hoggen for \u00e5 auka dyrkingsarealet, og beitetrykket auka sterkt i enkelte omr\u00e5de. Ser vi p\u00e5 bilete fr\u00e5 tida like etter 1900, er det p\u00e5fallande kor snautt og nakent det ser ut mange stader. S\u00e6rleg hardt ser det ut til \u00e5 ha g\u00e5tt ut over h\u00f8gdedraget mellom Kalandsvatnet og R\u00e5dalen, der mange gardar grensa opp mot einannan, og i Ytrebygda og \u201dfjellgardane\u201d p\u00e5 Totland og Bontveit.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 i bruksstorleiken ser me p\u00e5verknaden fr\u00e5 byen. Fordi bygda l\u00e5g s\u00e5 n\u00e6r byen, var det lettare \u00e5 finna alternativ sysselsetting utanom jordbruket enn i resten av fylket, og dette resulterte i at det ikkje skjedde s\u00e5 stor oppdeling av bruk i Fana som ellers. Den gjennomsnittlege bruksstorleiken i Fana var ca. 35 m\u00e5l mot ca. 20 m\u00e5l i heile Hordaland. Tal p\u00e5 sysselsette i jordbruket kulminerte i 1900. Medan 80% av fanabuane var b\u00f8nder i 1865, var det tilsvarande talet 30 % i 1920. Utover p\u00e5 1800-talet blei det fleire og fleire byfolk som tok til \u00e5 dyrka opp jord i Fana. Den st\u00f8rste jorddyrkaren var likevel Fredrik Thomassen Raa (1830-1902), som i 1833 kj\u00f8pte gard p\u00e5 Nord\u00e5s og dyrka opp 100 m\u00e5l der. Seinare selte han garden og kj\u00f8pte seg ein ny eigedom p\u00e5 R\u00e5, der han dyrka opp 200 m\u00e5l til. Ogs\u00e5 sonen Thomas Raa dyrka opp mykje. P\u00e5 grunn av at bruka var s\u00e5 pass store, var det mogeleg \u00e5 effektivisera jordbruket meir i Fana enn ellers i Hordaland. Ein annan faktor som verka i same retning, var bruken av gj\u00f8dsel for \u00e5 auka produksjonen. P\u00e5 1880- og 90-talet tok dei til med \u00e5 frakta bym\u00f8k, p\u00e5 lekterar eller med Osbanen, utover i Fana. Seinare kom s\u00e5 kunstgj\u00f8dsla i bruk. Stend jordbruksskule kom til \u00e5 f\u00e5 mykje \u00e5 seia for denne utviklinga, ved \u00e5 pr\u00f8va ut nye og meir moderne bruksm\u00e5tar og husdyrrasar. P\u00e5 same tid tok fanab\u00f8ndene til med \u00e5 planta skog, og b\u00e5de Fana og Midtun Skoglag blei skipa i 1899. P\u00e5 den m\u00e5ten kom det gradvis ny skog opp p\u00e5 dei nedbeita og uthogde omr\u00e5da. Alt i alt ser me at Fana heile tida har drege fordel av n\u00e6rleiken til byen ved at inntektene fr\u00e5 jordbruket har vore st\u00f8rre og gjort det mogeleg \u00e5 effektivisera.<\/p>\n<p><strong>Industri og handverk<\/strong><\/p>\n<p>Utover p\u00e5 1800-talet kom det og fleire industribedrifter i Fana. Nokre av dei blei flytt hit for \u00e5 unng\u00e5 dei strenge laugsordningane i byen. Kring desse verksemdene (Hop, Flesland, Nesttun, Fana) vaks det fram eit milj\u00f8 som ofte sto i skarp motsetning til \u201dBonde-Fana\u201d. Sysselsettinga i industrien n\u00e5dde ein topp under h\u00f8gkonjunkturen i 1910-15. Til desse industristadene flytta det folk fr\u00e5 heile Vestlandet, men mest fr\u00e5 Nord- og Midthordland. \u201dArbeidar-Fana\u201d var ei samansett gruppe b\u00e5de yrkes-og aldersmessig. Utanom dei \u201dekte\u201d fabrikkarbeidarane der gjennomsnittsalderen l\u00e5g p\u00e5 30-50 \u00e5r, var det ei stor gruppe relativt unge (20-30 \u00e5r) tenarar og noko eldre arbeidarar og sj\u00f8lvstendige n\u00e6ringsdrivande i sm\u00e5industri og handverk, for eksempel i industribedriftene inst i Fanafjorden.<br \/>\nSer me n\u00f8yare p\u00e5 dei ulike sosiale lag i bygda kring 1920, krystalliserer det seg ut tre hovud-grupper. Det gamle \u201dBonde-Fana\u201d utgjer ca. 25 % og \u201dArbeidar-Fana\u201d 40 %. Endelig har me ei gruppe med utflytta bergensarar med arbeidet sitt i byen, denne utgjorde 25% i 1920. Dette var ei raskt veksande gruppe i f\u00f8rstninga av hundre\u00e5ret, av ulike grunnar, der dei viktigaste var:<\/p>\n<ol>\n<li>bygginga av Vossebanen i 1883 og Osbanen i 1894.<\/li>\n<li>det raskt veksande vegnettet i Fana og den aukande bruken av buss og bil.<\/li>\n<li>l\u00e5gare skatteprosent i Fana enn i Bergen.<\/li>\n<\/ol>\n<p><strong>Depresjon og mj\u00f8lkekrig<\/strong><\/p>\n<p>Fanab\u00f8ndene dreiv som nemnt eit sv\u00e6rt effektivt jordbruk, med vekt p\u00e5 mj\u00f8lkeproduksjon. Gjennomsnittleg \u00e5rsproduksjon var over 2000 liter pr. ku, dvs. 8-10 mill. liter i alt. Forbruket av kraftfor var fire gonger s\u00e5 stort som i Voss p\u00e5 andreplass. Utover i 20-\u00e5ra sette depresjonen inn, og l\u00e5gare forbruk f\u00f8rte til overproduksjon av mj\u00f8lk. Det kapitalintensive fanajordbruket var s\u00e6rleg utsett for konjunktursvingingar, dette f\u00f8rte til at gjelda i jordbruket i 1932 var h\u00f8gre i Fana enn nokon annan stad i fylket. I 1931 blei Vestlandske Mj\u00f8lkesentral (forl\u00f8paren for Bergens-meieriet) oppretta, for at styresmaktane skulle f\u00e5 kontroll med mj\u00f8lkeprisane. Det blei innf\u00f8rt ei avgift p\u00e5 konsummj\u00f8lk som skulle g\u00e5 til produksjon av ost og sm\u00f8r, ei s\u00e5kalla utjamningsavgift p\u00e5 2 \u00f8re pr. liter. Fanab\u00f8ndene nekta og betala denne avgifta og organiserte seg i \u201dDe frie melkeprodusenters Forening\u201d. Resultatet var ei rekkje tvangsauksjoner og samanst\u00f8ytar mellom demonstrerande b\u00f8nder og styresmaktene, representert ved politi og lensmann, som toppa seg med \u201dSlaget p\u00e5 Fanavoll\u201d den 9.mai 1935, der 600 bygdefolk var m\u00f8tt fram for \u00e5 demonstrera mot ein tvangsauksjon.<\/p>\n<p>Alt i alt kan ein seia at depresjonen i 30-\u00e5ra kom til \u00e5 g\u00e5 s\u00e6rleg hardt ut over b\u00f8ndene i Fana. Talet p\u00e5 kyr minka med 70 % i perioden 1939 \u2013 69, fr\u00e5 4962 til 1518. Ogs\u00e5 talet p\u00e5 sauer og hestar minka sterkt, medan grisehaldet tok seg noko opp. Andelen av b\u00f8nder minka end\u00e5 meir, fr\u00e5 28% i 1920 til 14 % i 1946 og var i 1970 nede i 2 %, noko som delvis ogs\u00e5 hang saman med h\u00f8gkonjunkturen p\u00e5 50- og 60-talet og auka sysselsetting i andre n\u00e6ringer. Ein stadig st\u00f8rre del av dei sysselsette i Fana kom til \u00e5 ha arbeidet sitt i Bergen sentrum, men etter 1980 har Fana f\u00e5tt mange nye arbeidsplassar i industri og tenesteytande n\u00e6ringer, etter som bedrifter har flytt ut av sentrum, slik at pendlinga er blitt noko mindre.<\/p>\n<p><strong>Kulturelle og sosiale endringar<\/strong><\/p>\n<p>Framveksten av \u201dVilla-Fana\u201d og \u201dArbeidar-Fana\u201d p\u00e5 kostnad av \u201dBonde-Fana\u201d har naturleg nok ogs\u00e5 f\u00f8rt til sosiale og kulturelle endringer. Dette kjem s\u00e6rleg til uttrykk n\u00e5r me ser p\u00e5 kommunestyret si haldning til alkoholpolitikk, men s\u00e6rleg i statistikken over elevar med bokm\u00e5l og nynorsk i folkeskulen, der nynorskandelen minka fr\u00e5 30 % til under 10 % i perioden 1950-1970. Det same ser ein i den distriktsvise fordeling av ja- og nei-stemmer ved EF-avstemninga i 1972, med over 70% ja-stemmer p\u00e5 Hop og 35% i Helldal krins. Dei s\u00e5kalla motkulturane har vore i jamn tilbakegang sidan 1950, medan by- og massekulturen har f\u00e5tt stadig sterkare overtak. Fr\u00e5 \u00e5 vera ein jordbrukskommune og hovudleverand\u00f8r av mj\u00f8lk til Bergen, har Fana blitt ein bydel av pendlarar og \u201dmatpakke-kj\u00f8rarar\u201d, der ein stadig mindre del av dei som bur her, kjenner seg som fanabuar. Dette siste har ikkje endra seg nemnande etter 1970, sj\u00f8l om Fana har f\u00e5tt mange nye arbeidsplassar p\u00e5 Sandsli og Kokstad. Me som pr\u00f8ver \u00e5 ta vare p\u00e5 bygda sin historie og tradisjonar for \u00e5 overlevera det til etterslekta, har difor ei stor oppg\u00e5ve framfor oss.<\/p>\n<p style=\"text-align: right;\"><em>Oddvar Skre<\/em><br \/>\nFr\u00e5 \u00c5rsskriftet 1998\/1999<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fr\u00e5 mj\u00f8lkeb\u00f8nder til matpakkekj\u00f8rarar Fana er n\u00e6raste naboen til Bergen i s\u00f8r, og samspelet mellom by og land har alltid hatt mykje \u00e5 seia for folket her. Alt i mellomalderen finn me stadfesting p\u00e5 dette. Kyrkja og dei store klostra i Bergen \u00e5tte det meste av jordegodset i Fana. Ved reformasjonen gjekk dette over til &hellip; <a href=\"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/?p=453\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">BYMANN OG STRIL I FANA<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-453","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-artikkel"],"acf":[],"jetpack_featured_media_url":"","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/453","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=453"}],"version-history":[{"count":2,"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/453\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":455,"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/453\/revisions\/455"}],"wp:attachment":[{"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=453"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=453"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"http:\/\/fanahistorielag.no\/wordpress\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=453"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}